Krossbu Turisthytte


Krossbu Turisthytte er det beste utgangspunktet for toppturar på Smørstabbtindane og ligg omkranse av heile tjuge 2000-meters toppar. Toppturar på ski på våren og til fots på sommaren er noko du berre må oppleva.

Og er du ikkje den som vil besøke de høgaste toppane, kan vi på det varmaste anbefale turar i nærområdet rundt Krossbu. Her finns det merka stiar i lett terreng og også turar du lett kan gå utanom merkinga.
For deg som ynskjer å gå på langrenn ski kan vi anbefale oppkøyrde skiløyper på toppen av Sognefjellet. Løypane er oppe frå vegen opnar i mai til midt i juli, litt etter kor mykje snø vi har. Vi legg til rette for skilag og foreiningar som ynskjer å bu hos oss å trene langrenn.

Sesongen 2021 håpar vi blir meir tilbake til det normale at, men vi vil fortsette å ha fokus på smittevern og gjere de tiltaka som er nødvendig for att du som gjest kan føle deg godt i varetatt sjå oss.
Vi opnar til påske, fredag 26 mars og hell ope heile påska. Etter påske vil vi helde oppe i helgene fyrst og fremst og elles på førespurnad.

Book opphalde ditt med å sende ein førespurnad til post@krossbu.no eller ta kontakt med oss på telefon 97 00 12 67.